Om så himmelen fell
Boka er ei ny og sterkt omarbeidd utgåve av OVER GRENSEN – Kureren som gikk ut i kulden og ble sveket av sine egne (Fregn Forlag 1995).
Eg tykkjer det kan passe å opne bloggen «Utsyn frå Fregn» med dette utsynet mot Fregn frå september 1943 (og bytte målform for ei stund). Motivet for måleriet er garden Otters, der eg er fødd og oppvaksen. Til høgre i forgrunnen er Nygaard med tollstasjonen. I bakgrunnen til høgre ser vi Jons, der ein av leikekameratane mine budde og bur. Den raude bygningen på austsida av Ljøra er Skåret Folkets hus, og litt til høgre for det skimtar vi det kvite huset der han Einar Linnæs og familien heldt til og hadde butikken sin.
I 1943 budde eg saman med foreldra mine og den tri og eit halvt år gamle systera mi, Aud, på to rom i 2. etasje til venstre i den raude bygningen midt på bildet. Eg hadde enno ikkje fylt seks år. I første etasje heldt besteforeldra mine til. Far og bestefar åtte og dreiv garden i lag.
Eg minnes at ein dag eg kom inn på kjøkenet, sat det ein kar ved bordet med eit hoprulla måleband i den eine handa. Det var han Pauli. Han skulle måle garden, sa han. Eg stussa litt, men var ikkje av dei som spurde for mykje. Først litt seinare på dagen, da han hadde rigga seg til med staffeli og ei massonit-plate (det heitte ikkje huntonit enno) oppe på Størresbakken, vestamed Litlmyrbekken, skjøna vi ungane at han skulle måle eit bilde. Vi måtte dit og sjå, men han gjorde berre nokre strekar med ein blyant, og slikt hadde vi sett før.
Noko seinare hadde han flytta på seg for å få eit vidare perspektiv – heilt opp på toppen av Høgbrennhaugen lenger bak. Eg ser enno for meg den geita han hadde teikna inn framfor gjerdet i forgrunnen, men ho var diverre borte da vi – eg trur det må ha vore dagen etter - kom for å sjå fargelegginga. Vi var likevel samde, da han måla skyene, om at dette var noko av det flottaste vi hadde sett.
Tenk at Fregn var så fin!
Joda, det tykkjer eg i dag òg. Og når eg les dagboknotata åt far min frå laurdag den 18. september 1943, ser eg at han opplevde det like eins: «Det var pent vær om dagen. En typisk septemberdag med løv i alle gille fargenyanser. Pauli kom for å male et bilde av gården med Fregn som bakgrund».
Samstundes veit eg at inntrykket av ro og helgedagsfred som kviler over grenda, ikkje er heilt riktig, for å seie det mildt. Eg mins enno at nokre av oss ungane var oppe på Storengsletta der han Oddmund på Nygaard hadde turnipsåker, og såg på innhaustinga. Da kom yngste dottera hans og fortalde at det brann i driftsbygningen på Foss-Floden. Og da vi vende oss mot sør, såg vi ei tynn søyle av røyk som steig opp mot himmelen sju kilometer unna. No veit eg at dette skjedde same dagen som Pauli Bjørvang begynte å måle. Det står å lesa i dagboknotata etter far min. Sløkkingsmannskapet kunne ingen ting gjera.
I dag veit eg òg at han som skreiv, ikkje berre gledde seg over ein fin dag. Ei veke tidlegare hadde han vendt attende etter eit besøk i Stockholm der han hadde rapportert om skumle rykte og mystisk svinn på den illegale postruta mellom Heimefront-leiinga i Oslo og Stockholms-legasjonen, som han hadde ansvaret for. Vel attende, med tung koffert, får han melding om at det tyske politiet i Ljørdalen har spurt etter han. Men så gjeld det berre rypejakt. Og da meiner altså tyskarane at den solide NS-mannen i Skåret kan vera naturleg å ta kontakt med. Det er tydeleg at dei ikkje veit noko. Og organiseringa av stormøtet på Tjärnvallen , som han hadde gjort avtale om i Stockholm, kan halde fram. Men måleriet fortel om andre ting.
Boka er ei ny og sterkt omarbeidd utgåve av OVER GRENSEN – Kureren som gikk ut i kulden og ble sveket av sine egne (Fregn Forlag 1995).
Om norsk forvaltning og styringsverk.
Jeg har helt siden jeg ga ut boka HVILKET NUMMER RINGTE LJUNGBERG?, forsøkt å få svar på hvorfor det mobiliseringsreglementet som gjaldt den 9. april 1940, er forsynt med en påskrift om at det er fastsatt ved Kgl.res. den 24. juli 1935 – ettersom det ikke var noe regjeringmøte hos kongen denne dagen. Se mer her!