Fluggua (fluen, flua, fluga)

I min barndoms lesebok (Nordahl Rolfsen) stod forteljinga om fluggua. Den var så moderne (forteljinga, ikkje fluggua) at til og med noko så nytt og uvanleg som bil vart omtala. Elles handla det mest om hestar.

Men altså bilen: Den køyrde på grusvegen, og ei fluggu hadde sett seg bakpå, anten det no var for å få betre utsyn eller for å få billeg transport. Men utsynet var dårleg, for det stod ei tjukk støvsky etter bilen.

Likevel: fluggua var sangvinsk av natur og fann noko å gle seg over. «Hå, hå! Sjå så mykje støv eg lagar», sa ho til seg sjølv.

Denne forteljinga dukkar av uransakelege grunnar opp kvar gong den såkalla klimadebatten spissar seg til. «No må vi redde klimaet», seier dei aller heitaste. Men i motsetnad til fluggua ser dei ikkje berre lyst på livet: «Sjå alt det støvet vi lagar. No har vi fått isen kring Nordpolen til å smelte».

Eg veit ikkje korleis det stod til med pol-isen på den tida norske utvandrarar dyrka korn på Grønland eller då almeskogen enno stod tett i Fregn. Men det hadde med klimaendringar å gjera, og eg trur at flekkane på sola – åtte og eit halvt lysminutt unna oss – hadde meir å seie for verlaget enn kva folk og krøtter sleppte ut av seg.

Eg får vel legge til at vegstøv ikkje er noko serleg. Men det har vorte mindre av det. Det har noko med asfalt og oljegrus å gjera. Eg tykkjer det er bra.

PS:
Etter å ha lese Trond Vivelstads innlegg i Østlendingen av 22. september, forstår eg at moderne fluggur bør velje el-bil: Dei støvar mest.

Eit måleri

07 september 2020

Eg tykkjer det kan passe å opne bloggen «Utsyn frå Fregn» med dette utsynet mot Fregn frå september 1943 (og bytte målform for ei stund). KLIKK på tittel for å lese mer.