Bestill boka her

Pris 400,– kr, fraktfritt

Send en mail til f-forlag@fregn.no

Husk å oppgi:
• Fullt navn
• Adresse
• Telefon
• E-postadresse

og antall bøker du ønsker å bestille.

 

Om boka

Den nye utgaven av Halvor Flodens landskjente bok om Kvanbekksetra ble lansert 1. juni 2018

Halvor Floden (1884–1956) var meste tida si lærar i Elverum. Han var kjend over heile landet og i utlandet som ein av våre finaste barnebokforfattarar. Ved sida av ei lang rekkje bøker for barn og ungdom skreiv han noveller, romanar og skodespel.
I mest alt han skreiv, skildra Floden livet i skogbygdene. Det var hans eige ­miljø, og det er det vi får høyre om i denne boka. Det er ei eineståande skildring av arbeidet og det sosiale livet på ein fjellgard i ei skogbygd på Austlandet mot slutten av 1800-talet.
Da boka kom ut i 1968, vart ho av kritikarane omtala som ei levande lærebok i jorddyrking og dyrehald i fjellbandet, der heile familien tok del. I 1998 fekk boka ein spesiell plass i Karsten Alnæs si Norgeshistorie, som ein illustrasjon på overgangen frå naturalhushald til moderne tid.

 

 

Om du vil sjå boka før du kjøper ho, kan det skje i desse bokutsala i Hedmark:

Alvdal Bok- og Papirhandel

Amneus Boghandel, Røros

Bifrost, Os i Østerdalen

Gamle Trehus, Sverdrups gate, Hamar

Gravdahl, Østre Torg, Hamar

Glomdalsmuseet, Elverum

Norli Kremmertorget, Elverum

Norli, Trysilsenteret, Trysil

Trysil Bygdetun, Trysil

Tynset Bokhandel, Tynset

Wahl Bok og Papir, Rena